Kommunane bør få høve til å innføre ulike botnfrådrag for hytteeigarar og fastbuande, foreslår kommunane sin interesseorganisasjon, KS.
I følgje Nynorsk Pressekontor meiner KS at kommunane på denne måten kan hindre at mange hytteeigarar slepp å betale eigedomsskatt av di botnfrådraget i mange tilfelle er høgare enn taksten. KS vil difor at dei kommunane som vel å innføre botnfrådrag på eigedomsskatt for hus og hytter bør få lov til å skilje mellom heilårsbustader og fritidsbustader, skriv KS i eit brev til Finansdepartementet.
Kan vere urettvist
Det er argument mot å skilje mellom bustader og fritidseigedommar også, mellom dei at det kan opplevast som urettvist av den gruppa som ikkje får botnfrådrag, seier advokat Hakon Huus Hansen i KS Advokatene til Finansavisen.
Reikninga til hyttefolket?
I Skattebetalerforeningen meiner dei at det lett kan bli dei som ikkje har stemmerett, som må ta reikninga, med andre ord hyttefolket.