Mange sjøfuglar vert uroa av menneske

Miljødirektoratet.no

Mange av sjøfuglartane i Noreg vert forstyrra av oss menneske og aktiviteten vår. Fuglane si hekking kan verte skadelidande, og avbøtande tiltak kan vere nødvendig, ifølge ein ny studie.

Turisme, friluftsliv, næringsaktivitet og forsking går føre seg både i og ved viktige leveområde for sjøfugl. Men vert fuglane uroa? Miljødirektoratet har ønskt meir kunnskap om korleis menneskelig aktivitet verkar på sjøfuglane våre, og har difor fått laga ei samanstilling av den kunnskapen som finst om dette frå internasjonal forsking.

Forskarane som har gjort gjennomgangen har lagt vekt på sjøfuglar som hekker i koloniar langs norskekysten. Dei har gått gjennom forsking som er gjort på mellom anna stormfuglar, suler, alkefuglar og måkefuglar, og gir att resultata i den nye rapporten.

– Studien viser at ei rekkje sjøfuglartar reagerer på å ha menneske, hundar eller for eksempel båtar for tett innpå seg. Den viser òg at fuglane kan ha negativ respons på aktiviteten sjølv når dei ikkje flyktar frå situasjonen og flyg vekk, seier seksjonsleiar Knut Fossum i Miljødirektoratet.

Kostar energi

Hekketida er ei sårbar tid der egg og ungar treng å bli beskytta av foreldra. Rugande fuglar forlèt ofte reiret når menneske nærmar seg. Egga vert då utsett for predasjon frå andre fuglar og frå dyr. I nokre tilfelle følgjer også måker og tjuvjo etter folk for å ta egg frå fuglar som vert skremde opp. Difor er det viktig at hekkande fuglar ikkje vert skremde frå reiret.

Den nye rapporten ser på korleis det å verte forstyrra verkar på fuglane si åtferd og fuglane sin bruk av ulike område. Han ser òg på den effekten det kan ha på fuglane si overleving og reproduksjon.

Forskarane har vist at dette har ein kostnad for fuglane å verte skremde opp frå reiret fordi flukta krev energi. Ein studie av ærfugl, som normalt ikkje tek til seg næring i rugeperioden, fann at 10 prosent auke i aktivitetsnivå reduserte kroppsmassen til dei vaksne fuglane med 4-5 gram pr. dag. I verste fall droppar fuglane ruginga for å berge seg sjølv om dei vert uroa mange gonger over tid.

Vaksne fuglar må òg bruke ekstra energi på å varme opp att egga når dei vender tilbake til reiret.

Stressar fuglane

Det er ikkje berre fuglar som flyg opp frå reiret som reagerer på menneske. Ærfugl er mellom dei artane som ofte vert liggande sjølv om eit menneske nærmar seg. Sjølv om dei tilsynelatande ikkje reagerer, har forskarar funne at dei vert stressa og har målt hjartefrekvens opp til 3-4 gongar det normale hos fuglane.

Fuglar som vert handtert av menneske reagerer òg med auka hjartefrekvens. Nokre foreldre skyr reiret etter at menneske har tatt på ungar og egg, eller dei får redusert tid på reiret og redusert vekt på ungane når dei vert flygedyktige. Det er vist at handtering reduserer sjansen for at fuglane vender tilbake til same hekkeplass neste sesong.

– Den nye studien gir grunnlag for å slå fast at all menneskeleg aktivitet i eller nær ein sjøfuglkoloni har potensial til å skade egg, ungar eller vaksne fuglar. Mange av sjøfuglkoloniane våre er verna som naturreservat, og i slike områder er det særleg viktig å unngå negative effektar av ferdsel, seier Fossum.

Det er aukande interesse for å søke opplevingar i sjøfuglkoloniar både i og utanfor verneområda. I seg sjølv er det positivt, men rapporten viser at det her både er behov for godt kunnskapsgrunnlag og gjennomtenkte løysingar for å hindre skade på sjøfuglane.

Avbøtande tiltak

I rapporten er forskarane bedt om å beskrive korleis ein kan hindre negative effektar av at vi menneske uroar fuglane i sårbare periodar. Det er tilsynelatande ikkje forske på effektar av avbøtande tiltak, men forskarane skisserer fleire tiltak dei meiner kan vurderast:

  • Forbod mot ferdsel i heile eller delar av viktige sjøfuglkoloniar, eller mot å gå i land på holmar som er viktige for sårbare artar
  • Stenging av, eller etablering av buffersoner rundt, viktige område i hekkesesongen
  • Finne modellar for å forvalte auka turistbesøk
  • Unngå besøk i område der predatorar tek mange egg
  • Styre besøk til så seint som mogleg i hekkesesongen
  • Å kanalisere ferdsel til dei minst sårbare områda i ein koloni og legge til rette med gangstiar, utkikkspunkt og fugletårn i slike område
  • Skjermingstiltak så besøkande vert så lite synlege for fuglane som mogleg
  • Informasjon og skilting for å skape forståing for korleis vi menneske forstyrrar fuglane
  • Gjennomføre nye studiar i koloniar der ein venter at aktivitet uroar fuglar i unormalt stor grad

– Dette er viktige råd som vil verte vurdert i arbeidet med å forvalte dei norske sjøfuglartane. Behovet for avbøtande tiltak varierer mellom koloniane langs kysten, og det er enno for tidleg å seie om det vert sett i verk slike tiltak, kva for tiltak det i så fall blir og kvar dei skal gjelde, seier Knut Fossum.

Litteraturstudien er gjort at forskarar ved Norsk institutt for naturforsking, NINA.